lørdag 25. mai 2013
Takk for oss!
Der var siste dagen i San Pedro komen. Dagen blei brukt til litt shopping, men aller mest i og ved bassenget.
onsdag 22. mai 2013
Martin 14 år!
I dag blei denne kjekke ungdomen 14 år!
Dagen vart brukt i bassenget, og på ettermiddagen feira me saman med ein fin gjeng på familieparken Mulligan.
mandag 20. mai 2013
Nansen Field
19.mai var me med på nok ei 17.maifeiring. Då var det Sønner av Norge som arrangerte feiring på Nansen Field.
http://youtu.be/Y5rs_eefBTA
Sjømannskyrkja hadde friluftsgudsteneste. Ungane sat i skuggen under eit tre.
Så var me igjen klar for 17.maitog; to rundar rundt fotballbanen.
Innleigt lokalt korps.
Kappløp.
Om kvelden åt me middag på Sizzler.
Biff og ein stor salatbar. Kan anbefalast!
Deretter kjørte me til golfbanen til Donald Trump for å sjå solnedgongen.
Kvelden vart avslutta med ein liten påfuglsafari. Ei rik dame hadde for mange år sidan påfuglar i hagen sin, og så spreidde dei seg over fleire kvartal. Flotte fuglar, men stygge skrik.
fredag 17. mai 2013
Abonner på:
Innlegg (Atom)