mandag 23. november 2009

Julebasaren 2009

Den siste tida har det vore hektisk på kyrkja. Den store Julebasaren krev stor innsats frå både tilsette og frivillige!


Husmor Bodil har hatt eit enormt ansvar for alt som har med mat og baking å gjera! Og alt gjekk strålande frå byrjing til slutt!! Her pyntar ho marsipankaker.

Mange ulike oppgåver:


Hakking av grønnsaker til betasuppe, smørjing av smørbrød og vasking av ventilatoren...


Dream come true; vakt i skikkeleg tombola!!


Bakar Hansen baka julebrød, loffar og nordlandskaker...


Laging av nordlandskakedeig.


Bodil pyntar blautkake, og stadig like blid!


Knut styrer med store panner med betasuppe.


Og Trine baka og baka heile helga!


Karoline var passejente. Veit ikkje kven som syns det var mest stas; Desmond eller Karoline....?


Julebasarbandet: Jorunn Beckmann (Vokal) og Ketil Lystrup (Saxofon) frå Høvåg, Laila (Piano) og Knut (Bass) frå Bømlo.


Karoline, Martin, Magnus og Jakob jobba turnus i tombolaen! Dei gjorde ein kjempeinnsats!


Amerikansk julemesse.... Rødt i rødt og julelys på hyllene...


Heile kyrkjerommet var omgjort til messehall.

Ei travel helg med mellom 800 og 900 besøkjande. Og eit flott overskot!

No nærmar heimreisa seg for oss. Jostein reiste i går, han skal på jobb i Nordsjøen. På onsdag reiser me andre heim. Men først gjenstår ein del pakking, det blir eit heilt lite flyttelass....

Blir trist å seia farvel til alle her, men me var innstilt på 90 dagar her borte, så no er me klare for å komma heim.

Takk til alle (?!) som har følgt oss på bloggen!

Avskjed med skulen

Så var tida komen og Martin og Karoline måtte seia farvel til skulen. Det har vore ei flott tid for begge to, sjøl om det naturlegvis var litt tøft i starten. Så tøft at eg nesten bestemte meg for å kjøra heimeundervisning med dei.... Heldigvis gav me ikkje opp, me lærte mykje om oss sjøl, både store og små!

Christ Lutheran tok fantastisk godt i mot to utskremde elevar frå vesle Bømlo. Eg trur nok me profiterte på den gode erfaringa skulen hadde med Bømlo-elevar frå før....

Det er ein privatskule med dyktige og rutinerte lærarar. Den same læraren har det same steget kvart år.


Magnus hadde snakka varmt om Mrs Ford. Han hadde ho som lærar då han gjekk i 3rd grade i fjor. Ei flott dame som fekk Karoline i gong med engelsken og det sosiale samspelet.


Elevane gjorde og ein flott jobb med å ta i mot nye elevar. Dei hadde laga flotte avskjedsbrev...




Martin ilag med sin klasse og Mrs Mondragon. Ho tok og veldig godt imot Martin, og han fekk fort tillit til ho. Martin beskriv ho som ein god blanding av Mormor og Bestemor! Inga dårleg samanlikning!

No håpar me at Martin og Karoline ikkje gløymer ut det dei har lært av engelsk denne tida. Og det vert vel kanskje nokre engelsklærar som ikkje vil lika den amerikanske aksenten....

Disneyland

Disneyland er obligatorisk når ein er i California (syns ho mor...) Me venta til Halloweenfeiringa var over, og håpa på å komma i litt julestemning i Disneyland. Det mangla ikkje julepynt og julemusikk, men det var jo litt vanskeleg for oss nordmenn å bli sett i julestemning i sandalar, T-skjorte, sol og over 20 varmegrader.... Men ein flott dag vart det!



Klare for adrenalin-kick!


Julekort - not...... For dårleg kamera i skumringa....


Kva skjedde med Martin!?


Hos Mikke Mus.....


Spennande med oppvaskemaskinen til Mikke Mus!
Eit fantastisk flott juletre!
Men det flottaste av alt var fyrverkeriet då parken stengte kl. 20. Det var heilt fantastisk med Disney(jule)musikk og nydelege rakettar! Det var så vakkert at tårene berre rann....
Blir ikkje det same på video, men ta gjerne ein kikk her.....
Det er jo snart desember: GOD JUL!!

søndag 15. november 2009

Monument Valley og Grand Canyon


Etter Bryce Canyon kjørte me gjennom Red Canyon.



Så kom me til Monument Valley i Utah.

Kjekt i Indianerland!


Mexican Hat i Monument Valley.
Martin møtte ein politimann i Tuba City.
Her er me klar for å kjøra inn i Grand Canyon.

Flott utsikt!




Godt å strekke på beina av og til. Det vart til slutt ein 2761 km lang biltur.....

Godt å komma "heim" igjen til San Pedro. Me kom akkurat idet cruisebåten "Mariner Of The Seas" gjekk ut frå hamna. Knut spelte "Ja, vi elsker" over høgtalaranlegget på kyrkja, og ønskte skipet god tur. Alltid like flott å sjå og høyra!

onsdag 11. november 2009

Las Vegas og Nasjonalparkar

Måndag morgon kjørte me gjennom ørkenen til Las Vegas.


Her er hotellet New York New York med berg- og dalbane gjennom heile hotellet. Martin og Jostein tok ein tur med banen. Heftig!


Her ser me hotellet Paris med Eiffeltårnet.


Me tok inn på hotellet Excalibur, eventyrborga som me ser i bakgrunnen.

I resepsjonen i hotellet MGM har dei tre levande løver. Spennande å sjå på!!
I Las Vegas kjørte me Go Kart!


Kontrastane mellom Las Vegas og Zion National Park var store....


Spennande med kaktusar!
Naturopplevingane sto i kø. Her fekk me vera heilt nære flotte hjortedyr.






Så kjørte me vidare til Bryce Canyon. Spektakulære fjellformasjonar!