mandag 23. november 2009

Avskjed med skulen

Så var tida komen og Martin og Karoline måtte seia farvel til skulen. Det har vore ei flott tid for begge to, sjøl om det naturlegvis var litt tøft i starten. Så tøft at eg nesten bestemte meg for å kjøra heimeundervisning med dei.... Heldigvis gav me ikkje opp, me lærte mykje om oss sjøl, både store og små!

Christ Lutheran tok fantastisk godt i mot to utskremde elevar frå vesle Bømlo. Eg trur nok me profiterte på den gode erfaringa skulen hadde med Bømlo-elevar frå før....

Det er ein privatskule med dyktige og rutinerte lærarar. Den same læraren har det same steget kvart år.


Magnus hadde snakka varmt om Mrs Ford. Han hadde ho som lærar då han gjekk i 3rd grade i fjor. Ei flott dame som fekk Karoline i gong med engelsken og det sosiale samspelet.


Elevane gjorde og ein flott jobb med å ta i mot nye elevar. Dei hadde laga flotte avskjedsbrev...




Martin ilag med sin klasse og Mrs Mondragon. Ho tok og veldig godt imot Martin, og han fekk fort tillit til ho. Martin beskriv ho som ein god blanding av Mormor og Bestemor! Inga dårleg samanlikning!

No håpar me at Martin og Karoline ikkje gløymer ut det dei har lært av engelsk denne tida. Og det vert vel kanskje nokre engelsklærar som ikkje vil lika den amerikanske aksenten....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar