mandag 23. november 2009

Julebasaren 2009

Den siste tida har det vore hektisk på kyrkja. Den store Julebasaren krev stor innsats frå både tilsette og frivillige!


Husmor Bodil har hatt eit enormt ansvar for alt som har med mat og baking å gjera! Og alt gjekk strålande frå byrjing til slutt!! Her pyntar ho marsipankaker.

Mange ulike oppgåver:


Hakking av grønnsaker til betasuppe, smørjing av smørbrød og vasking av ventilatoren...


Dream come true; vakt i skikkeleg tombola!!


Bakar Hansen baka julebrød, loffar og nordlandskaker...


Laging av nordlandskakedeig.


Bodil pyntar blautkake, og stadig like blid!


Knut styrer med store panner med betasuppe.


Og Trine baka og baka heile helga!


Karoline var passejente. Veit ikkje kven som syns det var mest stas; Desmond eller Karoline....?


Julebasarbandet: Jorunn Beckmann (Vokal) og Ketil Lystrup (Saxofon) frå Høvåg, Laila (Piano) og Knut (Bass) frå Bømlo.


Karoline, Martin, Magnus og Jakob jobba turnus i tombolaen! Dei gjorde ein kjempeinnsats!


Amerikansk julemesse.... Rødt i rødt og julelys på hyllene...


Heile kyrkjerommet var omgjort til messehall.

Ei travel helg med mellom 800 og 900 besøkjande. Og eit flott overskot!

No nærmar heimreisa seg for oss. Jostein reiste i går, han skal på jobb i Nordsjøen. På onsdag reiser me andre heim. Men først gjenstår ein del pakking, det blir eit heilt lite flyttelass....

Blir trist å seia farvel til alle her, men me var innstilt på 90 dagar her borte, så no er me klare for å komma heim.

Takk til alle (?!) som har følgt oss på bloggen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar