Måndag denne veka var me i Universal Studios. Jostein og eg var her for tolv år sidan, og det var kjekt å oppleva mange av dei same attraksjonane ilag med Martin og Karoline.

Moviestar Wannabe!?

Familien Røksund på den raude løparen...

Først møtte me Frankenstein....

..... og deretter Svampebob!
Eg hadde gleda meg til å sjå Wisteria Lane frå Frustrerte Fruer, men denne dagen var det opptak, så me fekk ikkje sjå heile gata......
Simpsons!

Shrek!
Full action i showet Waterworld!
Parken stengde kl. 17, og då er det nesten mørkt i Los Angeles. Fin dag i Universal!

Martin og Karoline vart teikna som teikneseriefigurar......

Martin har hatt pause frå pianotimane hos Dimo denne hausten, men har heller fått trommeundervisning av Cato! (Mor håpar jo sterkt at pianointeressa kjem tilbake når me kjem til Bømlo...)
Kva gjer vaktmester Knut når husmor Bodil har kokt litt for mykje poteter? Jo, då bakar han potetkaker!
Hei, Martin!!!!! Så FLINK du e!!!!!! Stilig!!! No spørs da om da blir pianotima eller trommeundervisning når du kjeme te Norge igjen.. Ingrid glede seg veldig te å møta deg og Karoline : )
SvarSlettTante Janne