fredag 23. oktober 2009

Fin fredag

Skuledagane her varer til vanleg til kl.15. Ca ein fredag i månaden sluttar dei kl.12.30. I dag var ein slik kort dag, og då henta eg og Bodil ungane, kjøpte is og gjekk til ein flott lekeplass. Det var nesten som å vera på ei sandstrand utan sjøen. Sola steikte, og ungane var fulle av sand... Me hadde også med oss to ungar som går på same skule som våre. Dei vart med oss til kyrkja etterpå.

Eg tok meg i å spionera litt på leiken deira; litt spennande å høyra når Karoline og Martin kommuniserer på engelsk... Den amerikanske L og R er iallefall på plass, og jammen trur eg dei er starta med omskriving av to do og.....


Kjekt å leika med Petshop på Jakob sitt rom.


Litt kontorarbeid i campingvogna...


Blide gutar!



Travle gutar!





På Fredagsmix med svenskane.
Butikken med norske og svenske varer i bakgrunnen.
Fin avslutning på fredagskvelden; Beat for beat på NRK nett-TV.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar