Tysdag og onsdag denne veka regna det faktisk. At det skulle regna akkurat denne dagen (for første gong sidan mai) er jo litt kjedeleg når ein først giftar seg i California....
På onsdag var straumen vekke i ti timar pga regnet. Men på torsdag var sola og varmen tilbake igjen! Godt for solhungrige nordmenn på camping!
Kvar fredag har svenskane Fredagsmix i kyrkja. På fredag spela Martin basketball med nokre av dei svensk-amerikanske ungane.
Om kveldane når det er helg spør alltid ungane om me kan gå tur til fontenen i parken nede i hamna. På kveldsturen på fredag tok me den gammaldagse trikken, Waterfront Red Car.
For 1 dollar kunne me kjøre att og fram så lenge me ville.
Stor stas!
Laurdag var eg invitert med på kvinneforeningen Hygga. Det er ein gjeng unge og litt mindre unge damer som har budd i USA store deler av sitt vaksne liv. Fleire av dei kom her som Au Pair og skulle berre vera her eit år, men møtte kjærleiken, gifta seg og vart buande. Det er alltid spennande å komma på besøk til norske som bur i USA, og spesielt å sjå det norske flagget mellom palmene.
Greit å ha ein trippel garasje......
Blanding av norsk og amerikansk interiør. Kjent måleri på veggen?
Her er eg og Bodil saman med Julie og Bjørg. Det var Bjørg som hadde foreningen denne gongen. Flott dame med flott hus!
Kjedelig for brudeparet som fekk regn... Men godt for dåke at véret igjen har blitt bra : ) Eg gler meg te å få dåke heim å høyre om alt dåke har fått opplevd. Timane på skype går så snart når me begge ska oppdatere kvarandre på liva våre... Kom nett inn frå tur i parken i nydelige haustfarga. Go søndag!!!
SvarSlettJanne