Det har vore mange og store brannar i California den tida me har vore her, men ingen i nærleiken av oss. Men på veg til kino i kveld (Cloudy with the chance of meatballs), sto me ei stund å venta i eit kryss pga av brann. Fleire brannhelikopter og brannbilar var i sving. Då me kom heim sjekka eg Los Angeles Times, og det ser heldigvis ut for at det ikkje er noko storbrann.
Jostein tar ein og annan turen ned i fiskarhamna her i San Pedro. Der har han truffe ein fiskar frå Karmøy, busett i Seattle.
Fredag kveld var Jostein og Knut på Amcar-treff saman med Anne og John Gunnar. Var visstnok mykje flotte bilar å sjå! Nesten som Amcar dag i Bremnes sentrum...
Karoline har sansen for papegøyeplanter....
...og Martin har sansen for politibilar....
I dag har elevane i 3rd, 4th og 5th grade sunge i kyrkja som høyrer til skulen dei går på. Flott å vera med på!
I dag har elevane i 3rd, 4th og 5th grade sunge i kyrkja som høyrer til skulen dei går på. Flott å vera med på!
I dag reiste Jostein tilbake til Norge for å jobba to veker i Nordsjøen. Alltid trist når han reiser, men denne gongen gjekk det betre enn sist. No er me vant med kvardagen her, og veit at to veker går veldig fort..... Når han kjem tilbake har han fire veker fri, og då står Disneyland, Universal og kanskje ein liten road-trip på planen....
Flott fameliebilde : ) Kjekt å lese å sjå bilder av det dåke er med på. Tenke at dei 2 vekene Jostein e vekke går fort. Snks på skype : )
SvarSlettGlømmte skrive navnet mitt....
SvarSlettKlem, Janne : )