fredag 23. oktober 2009

Gode nyheter frå Norge!

Denne veka har eg hatt mykje kontakt med familien i Norge.

På onsdag fekk Janne og Kjell Egil ei nydeleg lita prinsesse, 2379 g og 47 cm. Martin og Karoline er så glade for det nye søskenbarnet!

I dag fekk Gunn Evy og Per Gunnar så gode tilbakemeldingar på MR-undersøkinga som det går an å få!! Det viser seg at kreften er borte!! Det er heilt fantastisk!!

Me gler oss til å treffa alle me er glad i når me kjem heim i slutten av november!

2 kommentarer:

  1. Utruleg kjekt å høyra at kreften er borte!! Så har dåke mykje å gleda dåke til når dåke kjem heim :)Reknar med det vert ein stor gjeng som står på flyplassen og ventar den dagen.....
    ~ klem frå Vivian ~

    SvarSlett
  2. Så flotte nyheiter :)
    Utruleg kjekt at kreften er borte:)

    Randi

    SvarSlett