mandag 5. oktober 2009

San Diego

Laurdag morgon pakka me bilane og kjørte dei to timane det tar til San Diego. Først på programmet sto SeaWorld.


Flott show med spekkhoggarar!






Me prøvde også karusellar og banar...


Jammen var dei allereie starta med Halloween i SeaWorld. Det var berre å seia "Trick or Treat" ......
...og så fekk dei så mykje godteri dei berre kunne eta!
Brillefine og klare for 4D-film!
Og så litt gambling på slutten av dagen....

...som førte til premie til alle 5!

Flott dag i SeaWorld!
Og så var det berre å finna bilane igjen på den gigantiske parkeringsplassen...
Me overnatta på eit hotell med utandørs basseng og jacuzzi. Etter litt bading søndag føremiddag, tok me turen til San Diego Zoo.

Me tok ein tur rundt i parken med ein toetasjers buss.
Me avslutta dagen med eit besøk i reptilhuset. Me gjekk fort forbi glaset der rattlesnake frå California var utstilte. Meir interessant å sjå slangar som ikkje høyrer til i område der me sjøl oppheld oss.....
Helga vart avslutta med eit besøk på Carlsbad Premium Outlets. Hadde vore eit bra senter å ha i nabolaget.... Og søndagsstengte butikkar finst visst ikkje i USA.

2 kommentarer:

  1. Så mange kjekke ting dåke får med dåke! Hadde våre kjekt med skype i måro, feks
    Janne

    SvarSlett
  2. Alt dåke får oppleva altså!:) Ida

    SvarSlett