søndag 18. oktober 2009

Sykkeltur på Hermosa Beach

I dag pakka me bilen med ulikt rullande utstyr (syklar, sparkesyklar og rollerblades), i tillegg til bæremeis. Så kjørte me til Hermosa Beach. Dette vart ein heilt ny måte å nyta stranda på for oss.



Knut var til topps på Siggjo med same oppakning i sommar, så bæremeis og rollerblades var ingen utfordring! Sjekk sjarmøren i meis med solskjerming....


Stemningen var god og utsikten upåklageleg!


Drikkefontener er alltid freistande, og ikkje minst viktig i varmen!


Eg og Bodil var innom Hermosa Cykleri for å leiga syklar.


På Hermosa Beach fann eg drømmeferiehuset!


Her er me på Manhattan Beach Pier.

Der var det eit akvarium.

OUUUCH!!!


Her studerer Karoline ein fotosession med ein badedraktmodell. Spennande å sjå sminke og posering!
Nokre hadde tøffare syklar enn andre.... Dette er ein så godt som 100% miljøvennleg "motorsykkel", endåtil med stereoanlegg....
Eg skal iallefall ha fleire sykkelturar langs stranda! Heilt fantastisk å nyta stranda, sola og varmen på denne måten. Høyrte meg sjøl nynna Brelettmusikken. Dette er lykken....
På ettermiddagen såg me på Thomas som spela fotballkamp. Fekk assosiasjonar til Kiwi-cup og Bremnes Idrettslag....

Number 6: Thomas Espero!
Trenarane er entusiastiske i California óg!
Endre og co leikar Duck, duck, goose.
Etter kampen serverte Trine svinesteik. Og det fall verkeleg i smak hos heile gjengen! Tusen takk!

2 kommentarer:

  1. Laila hai .. Andi Prayitno introdusere meg, jeg er fra Indonesia. da jeg åpnet nettsiden min BLOGSPOT se din reise profil og familie, jeg er veldig glad for å se den. og jeg håper du liker å reise med familien min. beklager hvis min norsk språk er ikke bra, er det godt å kjenne deg. Du kan treffe meg på Facebook nettstedet, venter jeg på svar fra deg

    SvarSlett
  2. Den sykkelturen sko eg gjerne vært med på, såg herrligt ut! Feriehuset såg jo lekkert ut... Vett ikkje om eg vil møte dåke i november.... kjem te å sjå heilt lysande kvit ut attemed dåke som har hatt fleire mnd i sola... Nyt mnd dåke har igjenn! Gler meg te å møte dåke på Sola!
    Janne : )

    SvarSlett