Foto: Martin Røksund
Obligatorisk bilete...
Etter turen i Griffith Park, åt me på Panda Express. Så kjørte me gjennom Hollywood og såg Walk of Fame gjennom bilruta. Det var i seinaste laget for ein spasertur, men ungane vart heilt i fyr og flamme når dei såg livet i gata. Der var det mange vandrande Star Wars-figurar, Shrek mm. Så no ventar dei berre på neste tur til Hollywood, slik at dei kan komma litt nærare.....
I dag fekk kyrkja besøk av bømlingar! Kjekt! Anne Bærøy og John Gunnar Standal er på ferie i LA.
I kveld har det vore filmpremiere på Whip It. Difor tok Kari, Trine, Bodil og eg turen til Hollywood for å få med oss litt glamor....
Flotte bilar og strenge sikkerhetsvakter....
Fire kjendisar som stilte ivrig opp for fotografane....
Her kjem skodespelaren Juliette Lewis. Ho fekk me faktisk handhelsa på!!
Og sist, men ikkje minst; regissøren av Whip It, Drew Barrymore, passerte berre ein liten meter frå oss!! Kjekt å oppleva litt glamor i filmbyen.....
Her er bileta som vart tatt av pressa i kveld.