søndag 27. september 2009

Langhelg

Me finn meir og meir roen her borte. Denne veka har vore travel sidan me har hatt ansvar for fem ungar. Men det har likevel vore ei fin veke. Karoline og Martin trives betre og betre på skulen. Det er lange skuledagar her. Kvar dag startar kl 8.30 og sluttar kl. 15.00. Denne fredagen var det avspasering frå kl. 12.30, så då gjekk me på stranda etter ein betre lunsj på Del Taco.


Ved stranda møtte me ein papegøye!


Eigarane sat og spela sjakk, og ungane fekk beskjed om at dei berre måtte klappa den rosa papegøyen.


Endre: "Kjempekjekt i den store sandkassen!"


Karoline kosar seg!



Store bølger!

Fint på Cabrillo Beach.

Martin fekk lønn av Mrs. Mondragon for lekselesinga!
Ny utfordring for vaktmester Selle; jordrotter.... Godt med ivrige assistentar som er på jordrottejakt!

Fredag kveld var me hos Trine og Cato. Me fekk med oss ein flott solnedgong. Dei bur høgt over skodda!
Denne helga har me hatt veldig varmt ver. Uvant å snakka med folk om veret her, dei klagar over for varmt ver....!? Eg kan veldig fort bli vant til dette klimaet....

1 kommentar:

  1. Ser deiligt ut med sommar og sol! Her e da blitt skikkelig haust, regn og sur vind. Kjekt at da går bedre med Martin og Karoline på skulen. Ha ei go veka!
    Janne

    SvarSlett