torsdag 10. september 2009

Kvardag

Karoline synes det er heilt greit på skulen. Læraren er ei moderleg og flott dame som er flink til å inkludere. Då eg henta Karoline i dag kom Mrs Ford springande imot meg og sa: "She is doing SO well!"

I dag fekk ho litt lekse, det gjekk fint! Treng ikkje kunne så mykje engelsk for å gjere pluss og minus...

Martin er ikkje like entusiastisk som Karoline. Læraren er heller ikkje like inkluderande og entusiastisk som Karoline sin.


To som ikkje har fått lekse enno. Men det er jo alltid litt kontorarbeid som skal gjerast...

Eg øver meg på å kjøra bil. Retningssansen min og andre trafikkreglar er litt utfordrande!
Godt å ha med kjentmann i passasjersetet.. (og kjentbarn i baksetet..) Trur snart eg greier å kjøre åleine bort til nærbutikken. Viktig å setje seg små mål...

Elles kosar me oss med sol og varme. Badebassenget vert flittig brukt. Karoline og jentene til presten har leika havfruer i bassenget heile ettermiddagen. Kjekt med jenteleik, elles er det jo mest gutar i nabolaget. Men det går heilt fint, ho kjøpte faktisk eit Star Wars-sverd i går.... Ho har nok meir bruk for det enn Hannah Montana-utstyr....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar