Det er fortsatt skuleferie her borte, men ein av dei første dagane her borte var me innom skulen. Me traff ein energisk rektor og to flotte lærarar. Det er vanleg at lærarane kjem på heimebesøk til nye elevar, så dei ville komma heim allereie dagen etter.
Karoline skal ha ei skjønn dame, Mrs Ford. Ho snakka i vei til Karoline, og sa at dette skulle gå så bra. Ho underviser alltid 3rd grade, så i fjor hadde ho undervist Magnus. Ho sa at ho hadde god erfaring med å få utanlandske elevar kjapt i gong med å kommunisera på engelsk. Karoline sa faktisk "Good bye" då Mrs Ford var ferdig......
Martin skal gå i 5th grade og skal ha ein heilt ung mann, Mr Rodrigues. Han sa at det var ein liten klasse, berre 13 elevar. I år skal faktisk klassen begynna med spansk. Martin synes spansk høyres greitt ut, då er han i allefall på akkurat same nivå som resten av klassen i eit fag.
Skulen startar onsdag 9. september, og då er det ei heil liste med utstyr som skal vera handla inn. Me hadde ein dag der me ordna "Schoolsupplies" for store mengder dollar...
Her vert alt utstyret sjekka opp mot lista frå skulen... Det var stor stas å fylla opp ranselen med nye blyantar, fargeblyantar, maleskrin, skrivebøker, lunsjboks, pencilbox, Kleenexboks(!?)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar