Og så var det helg. Denne veka har gått med til innkjøring på skulen. Mykje nytt og mykje uvant. Men det går betre etterkvart. Både Karoline og Martin har prøvd ut kva heimeundervisning i kjellaren på kyrkja er denne veka. Ikkje eit fristande alternativ i lengden... Dei venta utolmodig på at dei andre skulle komma heim frå skulen.... No kjører me eit opplegg der dei er med på mesteparten av opplegget på skulen, men at dei og innimellom kan jobba sjølvstendig i klassen med det norske skulepensumet. Skulen gjer alt dei kan for at me skal få det beste opplegget for Martin og Karoline for ein så kort periode. Martin går no i klasse med Magnus, og det fungerer mykje betre. Mrs Mondragon (og Magnus:)tar godt vare på han. Karoline er trygg ilag med Mrs Ford, og vil helst jobba med det dei andre i klassen jobbar med. Ho vil ikkje ha norske bøker med på skulen.
I kveld har me vore på Bingo på skulen.

Ivrige Bingospelarar som har vore i kiosken og proviantert.

Forventningsfulle.....
.... og Magnus vann gåvekort på pizza! Rektor (midt i biletet) var Bingolesar.
Stolt Magnus med Bingorekka og gåvekortet!
Går seg nok te med skulen, trur eg. Ikkje løye at da e litt innkjøringsvansker. Ser ut som dei kosa seg med bingo : ) Go helg!
SvarSlettJanne