Billettar med fleksibel returdato vart bestilt, og me begynte å leita på nettet etter plass å bu. Så vart det slik at me fekk løyve til å setja ei campingvogn på parkeringsplassen til kyrkja. Dette syns eg var det beste alternativet, det verka trygt med inngjerda område med port. Martin og Karoline såg lyst på å ha badebassenget rett utanfor campingvogndøra. I tillegg kan dei springa rett gjennom hagen og inn i leligheten til Bodil og Knut.
27. august reiste me til Los Angeles via Amsterdam. Elleve timar i fly gjekk fint. Ungane syntes det var stas med utleverte tepper, puter, høyretelefonar og flymat. Endre og Knut henta oss på flyplassen ca 15.30 lokal tid. Då var klokka 00.30 i Norge. Temperaturen var 36 grader Celsius, då gjorde det godt med eit bad i bassenget då me kom fram til Sjømannskyrkja.
Den første helga me var her borte var me med på laurdagsgraut på kyrkja. I tillegg var det eit par som gifta seg. Søndagen var det familiegudsteneste. Det var kjekt å sjå arbeidet i kyrkja frå første dag. Bodil og Knut har ein travel og interessant jobb!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar