mandag 7. september 2009

Campingvogn

Me kjøpte campingvogn ein av dei første dagane her borte. Me fann ei fint brukt Layton by Skyline 2006-modell.

Me har dei siste somrane tilbrakt ein del veker i camingvogn. Alt er jo som kjent stort i Amerika, og for oss som er vant med ei 5,6 m lang campingvogn og ustadige norske somrar, vert campingopplevinga litt annleis i ei 9,5 m lang campingvogn og stabilt sommarklima.
Campingvogna ser liten ut på dette biletet, men det seier meir om bilen til han som leverte vogna...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar