Fredag kveld var Bodil, eg og ungane hos Trine Esperø og ungane. Der fekk alle ungane laga kvar sin pizza med det fyllet dei ville ha.
Stor stas!
Etter pizzaen var det bading i Jacuzzien på terrassen.
I dag har me vore i 4-årsdag til eine dottera til presten på kyrkja. Amerikansk vri på det meste... Kjekt for både store og små!
Ein draum av ei Barbie-kake....
Ein liten kveldstur i hamna. Før me kunne gå på tur, måtte me lista oss forbi ein uteliggjar på gata... Veldig spesielt (og litt skummelt!?) for ungane å sjå at nokon bur slik. Når me går på tur om morgonen, må me alltid sjå om det fortsatt ligg nokon og søv på dei plassene me veit at dei held til. Me har det jammen godt som slepp å leva slik.
Hei, Laila!
SvarSlettEg fekk ikkje snakka med deg før dåke reiste til USA, men det ser ut som dåke har det bra:-) Du må helse til resten av familien frå meg.
Klem