mandag 21. september 2009

Ei kyrkje, ein bil og fem ungar....

Søndag etter gudstenesta reiste Bodil og Knut til New York. Det tok seks timar med fly, nesten halvvegs tilbake til Norge. Dei skal vera med på ei fem dagar lang samling for alle tilsette i Sjømannskyrkjene i USA. Så no er det eg som skal ha ansvaret for fem ungar som skal bringast og hentast i barnehage og skule. I tillegg skal eg ha litt vakter på sjømannskyrkja. I morgon skal eg og Trine laga ei stor vaffelrøre med 26 egg.

Det er litt uvant å bu åleine vaksen i eit så stort bygg i ein så stor by. Godt at Jostein er tilbake frå jobb i Nordsjøen på onsdag. Me har nok alle savna han litt ekstra denne gongen...



Godt med gode hjelpesmenn når det amerikanske, det svenske og det norske flagget skal ned om kvelden!


Lettvint for meg og supert for ungane med søndagsmiddag på MacDonalds...





Me likar oss godt i bassenget....

Uvant å sitje inne å gjere lekser før me kan gå ut i sola for å bade....

1 kommentar:

  1. Ja no e da blitt skikkelig kvardag for dåke! Godt Jostein e tebake onsdag. Vaffelrøre med så mange egg... oi. Ser deiligt ut med sommar og sol! Her regne da og da e begynt å bli haustfarger ute. Kos dåke!
    Janne

    SvarSlett