tirsdag 29. september 2009

Hollywood

Søndag etter gudsteneste og grilling, føreslo me sightseeing til Hollywood. Ikkje det ungane hadde øverst på lista denne dagen, dei har i grunn alt dei treng på området rundt kyrkja... Men då me allikevel kom til Griffith Park og dei kjende Hollywood-bokstavane kom til syne, fann ungane ut at det var jo kanskje verd turen likevel. Martin knipsa bilete og vart plutseleg ein ivrig turist!


Foto: Martin Røksund


Obligatorisk bilete...





Statue av James Dean i Griffith Park.
Etter turen i Griffith Park, åt me på Panda Express. Så kjørte me gjennom Hollywood og såg Walk of Fame gjennom bilruta. Det var i seinaste laget for ein spasertur, men ungane vart heilt i fyr og flamme når dei såg livet i gata. Der var det mange vandrande Star Wars-figurar, Shrek mm. Så no ventar dei berre på neste tur til Hollywood, slik at dei kan komma litt nærare.....
I dag fekk kyrkja besøk av bømlingar! Kjekt! Anne Bærøy og John Gunnar Standal er på ferie i LA.

I kveld har det vore filmpremiere på Whip It. Difor tok Kari, Trine, Bodil og eg turen til Hollywood for å få med oss litt glamor....

Flotte bilar og strenge sikkerhetsvakter....

Fire kjendisar som stilte ivrig opp for fotografane....
Her kjem skodespelaren Juliette Lewis. Ho fekk me faktisk handhelsa på!!

Og sist, men ikkje minst; regissøren av Whip It, Drew Barrymore, passerte berre ein liten meter frå oss!! Kjekt å oppleva litt glamor i filmbyen.....
Her er bileta som vart tatt av pressa i kveld.

4 kommentarer:

  1. Stilig! Ser ut som dåke får oppleva mykje forskjellig!
    Janne

    SvarSlett
  2. Hei Laila

    Kjekt å sjå korleis livet "over there" utartar seg for doko. Det ser ut til at de har det både kjekt og fint - og det er bra! Eg sender ein epost om litt skuleforhold.
    mvh hans

    SvarSlett
  3. Du berre glir rett inn i miljøet..........
    Klem frå Vivian

    SvarSlett
  4. Alt dåke får oppleva! Eg blir reint misunnelig;) Og for ein fotogen familie, nydelige!!!:) Klem Ida

    SvarSlett